Opplevingar

Som gjest kan de bruka både båtar og kanoar. Fiskekort kan du kjøpe på inatur.no

I Suldalsvatnet kan du fiska etter både aure og røye. Ikkje minst er storaurefiske populært!

Badstova og stampen

I strandkanten står badestampen og badstova og ventar på deg! Både sommar som vinter er dette ei oppleving som både får fart på blodsirkulasjonen og gir ro isjela.

Mann lener seg mot tre ved Stråpanuten.
© Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland

Vandring

Suldal er eit eldorado for den ivrige turgåar med 5 av dei 7 høgaste toppane i Rogaland. Heile året kan du nyta eit rikt nettverk av toppturar, rundturar og meir avslappande ruter for alle nivå og ønskje. Her får du fantastisk utsikt over fjord og fjell som løn for strevet.

Les meir om turar i Suldal her
Skigåar i Breiastølsdalen.
© Skattkammeret Suldal Foto: Rune Roaldkvam

Vinter

Etter ein om lag 20 minutts biltur frå Vikane er du midt i vinterparadiset. I Gullingen-området er det mange kjekke skiopplevingar. Her er det milevis med oppkøyrde og merka skiløyper, lysløypeanlegg, skitrekk og skileik.

Les meir om vintertilboda i Suldal her
Fiskerett.
Matskattar i Suldal - Vikane Hyttetun Film: TV Haugaland

Matskattar frå Suldal

Vinteren 2021/2022 laga TV-Haugaland ein serie dei kalla "Matskattar i Suldal". Sjølvaste Ryfylkekokken, Frode Selvaag stod for kokkeringa. Her kan du m.a. sjå ein spennande måte å servera aure på!

Les meir om Matskattar frå Suldal her

Suldal Bad

På Sand, (23 km frå Vikane) finn du Suldal Bad. Med fleire basseng, badstove, klatrevegg og vass-sklie, er det eit aktivitetsparadis for heile familien.

Gå til Suldal Bad si heimeside